Arial
Elektro
EKOM
Smarthus
Trykktesting
Termografi
Flislegging
Granitt tak
Kontakt oss
 
Ariel

Arial  
 
   

EL-KONTROLL
Det er etter lova huseigar sitt ansvar at denn elektriske installasjonen er i forskriftmessig stand. Vi kan utføre brannforebyggende el. kontroll for deg! Dei fleste forsikringsselskapa gjev rabatt dersom ein har avtale om periodisk brannforebyggende el kontroll.

Målsettinga er å sjekke om den elektriske installasjonen og det elektriske utstyret er sikkert å bruka, samt vurdera om det kan vera risiko for brann. Den skal og avsløra eventuelle feil/manglar som kan utgjera fare for personar, husdyr eller skader på gjenstandar.

SERVICE
Består sikringsskapet ditt av gamle skrusikringar? Då er dette kanskje moden for ei modernisering. Dersom det ofte ryk sikringar, tyder dette på at anlegget er underdimensjonert. Kvar gong det ryk ein sikring overbelastar du anlegget. Du har i dag mange fleire elektriske innretningar som brukar meir straum enn då anlegget var nytt. Difor er det ei klok investering å fiksa opp i sikringsskapet og kanskje få nokre fleire kursar i huset. Samtidig er det no krav til å beskytta dei elektriske artiklane dine med overspenningsvern.

24 timars service telefon. Får du feil eller mistar straumen ring 970 45 111 så hjelper vi deg. Vi utfører service på alle elektriske installasjonar, både sterkstrøm og svakstrøm. Vi har godt utstyrte service bilar stasjonert i heile kommunen, og er klar til og hjelpa deg når det trengs!


BUSTADINSTALLASJONAR
Enten du skal bygga nytt, bygga på eller pussa opp. Så er vi med deg frå første stund, med fagleg kompetanse og gode prisar. Vi leverer komplette installasjonar på hus, hytte, naust osv., og tilrettelegger arbeidet etter dine ønsker. Vi jobbar gladleg både seint og tidelig for å få jobben gjort til fastsett dato. Vi leverer alt innan elektrisk utstyr.


SERVICE
24 timars service telefon. Får du feil eller mistar straumen ring 970 45 111 så hjelper vi deg. Vi utfører service på alle elektriske installasjonar, både sterkstrøm og svakstrøm. Vi har godt utstyrte service bilar stasjonert over nerast heile kommunen, klare til og hjelpa deg når det trengs!


BELYSNING
Det finst eit utal variantar av belysning både til innadørs og utandørs bruk. Me forhandlar med fleire store importørar og kan levera det meste. Treng du meir lys eller bare ønskjer å pynte opp litt? Vi kan interiørbelysning, enten det er utenpåliggande, innfelt, direkte eller indirekte belysning. Vi hjelper gladleg til med plassering av spottar til dei som ønske det.
Utlys er ein viktig del av husets fasade, det finst variantar som passar til dei fleste hustypar. Vi står klar med gode råd til dette.
Sg er den største leverandøren vår på lys. Og vi har alltid med ein katalog som du kan få kikka i for å bestemma deg. Eller så kan du få sjå her: Lyskatalog Sg (link!).

Tips om Belysning:
Ta vare på auga ditt. Ein 40-åring treng dobbelt så mykje lys som ein 20-åring. Er du 60 år, så treng du seks gonge så mykje lys.
Halogenpærer har ein gjønomsnittleg levetid på ca. 4000 timer, vanlige glødelamper rundt 2500 timer, lysrørlamper omtrent 12000 og lysrør 12000-16000 timer. Så har du dei nye LED-pærene, med ein levealder på 40 000 timar og opptil 85% energibesparelse. Desse er personlig anbefalt av oss.
Lysstoffrør og sparepærer gjer eit "flatt" og ofte hardt lys og passar best i arbeidsrom, garasje eller som utlys.
Demping er økonomisk. Ei halogenpære der spenningen er redusert med 5 prosent har 50 prosent lengre levetid.
Eit rom med mørke fargar treng 20 prosent meir lys enn eit med lyse fargar.
Tidsbrytar hjelpe på strømrekninga .
Unngå for mange lampar der datamaskina står. Dei vil gje gjenskin i skjermen og sjenere auga.
Godt lys i trappa førebygger ulykker.
Bruk sparepærer til utlyset. Monterer du også fotocelle, vil energiforbruket bli lågare.

Oppvarming
Vi anbefaler golvvarme som grunnvarme. Med golvvarme kan du halda ein lågare romtemperatur og likevel føle det komfortabelt. Vi anbefaler elektrisk golvvarme i form av varmekablar eller varmefolie framfor vannbåren varme. Dette grunngjer vi med at elektrisk golvvarme er mykje billegare (ca. 1/3) å installera. I tillegg er virkegraden 1:1, det er ingen overføringstap og heller ingen vedlikehaldskostnader. Ein varmekabel som er riktig installert har i dag livstidsgaranti.

Brannalarm
Frå og med 1. juli 2011 skal alle nye bustadar og fritidsbustader være utstyrt med røykvarslarar eller system som er tilkopla 230V-nettet og har batteribackup.
Optiske røykvarslarar i bustader skal dekka områda kjøkken, stue, sone utanfor soverom og tekniske rom, og må plasserast slik at alarmstyrken er minimum 60 dB i opphaldsrom og soverom når mellomliggande dørar er lukka. ( En røykvarslar målar som regel 85db på 3meters avstand i fri sikt ). Det må være minst ein varslar i kvar etasje. Nb! Der det er krav til fleire røykvarslarar, må disse vera seriekopla..

 
Arial
 
 
 
 
 
 
 
Martek Elektro AS- klar når du treng oss!
2©16